Flash
Skriv ut sidenSKRIV UT     ENGLISH    TA KONTAKT
 
 

 
SPEILEGG DESIGN ER ENKELTMANNSFORETAKET TIL SIGURD BRØRS. SIGURD ER OGSÅ GLAD I Å LAGE MUSIKK OG Å GÅ PÅ SKI. HAN BUR I TRONDHEIM.
 


 

Tjenester


Flash-animasjon

SPEILEGG har lang erfaring med animasjons- og programmeringsverktøyet Macromedia Flash, enten som underleverandør til reklamebyrå, der eg animerer og programmerer ferdige designelement, eller som del av prosjekt der eg også gjer design. Det komprimerte Flash-formatet er ideelt for internett, og det er enkelt å integrere foto, lyd, musikk og video i Flash.

Mulegheitene og bruksområda er veldig vide og varierte:

• "rich media"-element for internett - f.eks reklamebanner
• portfoliobaserte internettsider - f.eks for fotografar
• større fullanimerte internettsider - passar for kundar som stiller store krav til visuelle effektar, kreative løysingar og spesialtilpassing, og mindre krav til hyppig oppdatering av sideinnhald (sjå kundelista for eksempel)
• bedrifts- og produktpresentasjonar - når Powerpoint ikkje strekk til funksjonelt eller visuelt
• enkle spel og applikasjonar
• musikkvideo

 

 

 

Dynamiske nettsider

Sidan 2003 har SPEILEGG stått for design på dynamiske nettsider til ei rekke bedrifter og organisasjonar, i tospann med Affy Design som leverer publiseringsløysing til sidene.

Gjennom fellesprosjektet SPEILEGG publisering kan vi tilby pakkeløysingar som gjer det enkelt, kjapt og rimeleg å komme seg på nett. Publiseringsløysinga til Affy er mellom dei mest brukarvennlege på marknaden, og inneheld funksjonar som to språk, bildeseriar, nyheitsbrev og kalender.

 

 

Grafisk design for trykk

Mange av prosjekta mine er kombinasjonsoppdrag der eg utviklar logoar eller andre profilelement for kundane som del av animasjons- og nettside-oppdrag. Eg har også gjort ein del reine grafiske designoppdrag, som visittkort-, plakat-, platecover- og bokdesign.

 

 

Programvare

Eg beherskar bl.a. desse applikasjonane særdeles godt:

Flash (animasjon)
Photoshop (bildebehandling)
Dreamweaver (nettdesign)
ProTools (musikkprogram)

Eg beherskar bl.a. desse applikasjonane godt:

Illustrator (design og illustrasjon)
InDesign (design og layout)
Captivate (skjermsimulering)

 

PUBLISERING: AFFY DESIGN SPEILEGG design      tlf +47 416 86 036      Org.nr. 883 521 242 mva